Eid kyrkje (under arbeid frå 2011 - 2013)

Bygd 1849, Eid kommune

Treskurd, måling og dekor i Eid kyrkje, vert rekna som hovudverket til Lars Kinsarvik, 1846 -1925.

Kortaket, på ca. 80 m2, er heildekorert med rankemotiv og organiske former. Diverre er taket skjemt av kraftig opp og avskalling. Trass i seriøse freistnader, har det ikkje lukkast å stabilisere målingsfilmen. Det er  difor gjeve løyve til å rekonstruere taket, med nye takbord og ny dekor. Det originale verket vert bevart under kopien.

Trearbeidet vert utført av firmaet Dør og Vindusvern AS, v/ Otto Stornes, Vigra. Målararbeidet vert utført i samarbeid med Bent Erik Myrvoll, Ålesund.