Kyrkjer

Eg har hatt større og mindre oppdrag i over 30 kyrkjer. Her finn du eit lite utval av prosjektet eg har jobba på.

Haram kyrkje
Haramskyrkja har uvanleg mykje dekormåling. Dette vart utført av Lars Osa, frå Hardanger og var ferdig i 1912. (L.Osa var far til den kjende spelemannen, Sigbjørn B. Osa) Under ein orkan i 1992 trengde det seg inn vatn, som rann nedetter veggene. Eg var engasjert til... Sjå meir
Eid kyrkje (Under arbeid frå 2011 - 2013)
Treskurd, måling og dekor i Eid kyrkje, vert rekna som hovudverket til Lars Kinsarvik, 1846 -1925. Kortaket, på ca. 80 m2, er heildekorert med rankemotiv og organiske former. Diverre er taket skjemt av kraftig opp og avskalling. trass i seriøse freistnader har det ikkje lukkast... Sjå meir
Ålesund kirke
Freskene i koret, og korbogen, er måla av Enevold Thømt, i tidsromet 1918-1928. Apsiden i kapellet, som ligg på sørsida av koret, vart dekorert av Jonas Peson, i 1941. Både verket til Thømt, og Peson, var sterkt påverka av vasslekasjar og mekanisk slitasje då eg tok til på... Sjå meir
Andre kyrkjeprosjekt
I tillegg til dei andre prosjekta, har eg hatt større og mindre oppdrag i fleire andre kyrkjer. Her kan du sjå nokre fleire prosjekt eg har hatt. Sjå meir
Stordal Gamle Kyrkje (Rosekyrkja)
Kyrkja er freda, og er eigd av Fortidsminneforeninga, avdeling Sunnmøre. Interiøret er fulldekorert. Arbeidet er gjort i 1799 av to omreisande målarar, Vebjørn --Hammersbøen frå Hallingdal og Anders Reinholdt. Måling og dekor er utført i limfarge, på panel og tømmer... Sjå meir
Osmarka Bedehus og kapell
I 1965 vart interiøret kledd med bygningsplater og fargeskjemaet  totalt  endra, i tråd med tida sin smak. I 2007 vart det vedteke ei total tilbakeføring av heile interiøret, til eit mest mogleg identisk uttrykk frå før ombyggjinga. Det var lagt stor vin på autensitet i teknikk og materialbruk... Sjå meir
Hove kyrkje
Kyrkja vart bygd på 1100 talet. Ein skulptur av Maria med Jesusbarnet på fanget, frå 1200 talet, høyrde til innventaret i kyrkja. Denne "Hovemadonnaen" er no på Bergen Museum og vert rekna som eit hovudstykke i norsk mellomalderkunst... Sjå meir