Restaurering

Eg har over 40-års erfaring med restaurering av interiør og gjenstandar frå ulike tidsepokar.

Kyrkjer
Eg har hatt større og mindre oppdrag i over 30 kyrkjer. Her finn du eit lite utval av prosjektet eg har jobba på. Sjå meir
Profane bygg
Her finn du eit lite utval av prosjektet eg har hatt, frå større freda anlegg til enkle interiør. Sjå meir
Måleri
Restaurering av måleri og rammer; reinsing, bøting, fastlegging av laus måling. Kompliserte oppdrag vert utført i   samarbeid med målerikonservator. Sjå meir

Dette kan firmaet tilby:

Oppdraga omfattar praktisk arbeid ved restaurering/vedlikehald av alle typar overflatehandsaming. Det kan vere reinsing, regenerering av utmagra måling, fargearkeologiske undersøkingar, avdekking av overmåla dekor, fastliming av oppskaling og retusjering av avflaka parti o.a. Firmaet kan ogso tilby synfaring, rådgjeving og utarbeiding av plan for restaureringsarbeid. Konsulentoppdraga kan ogso omfatte utarbeiding av skriftleg og fotografisk rapport.

Arbeidet eller oppdraga vert utført etter antikvariske retningsliner, med omsyn til materialbruk og metodikk. Mange av prosjekta vert utførde i samarbeid med antikvariske myndigheiter, som fylkeskonservator/Riksantikvar.

Erfaring syner at det løner seg å konsultere firma/institusjonar med kompetanse på antikvarisk arbeid, før ein set i gang med tiltak på verneverdige bygg eller andre objekt. Det er nok av døme på dei som har sett i gang i rein entusiasme og som har gjort ting som har redusert moglegheita for å få  stønad til prosjektet. Dessutan vil ein rådgjevande instans/firma, kunne få ned kostnadane ved å begrense inngrepa. Det vert ogso gjerne eit både visuelt og kvalitativt betre resultat.

Firmaet har nært samarbeid med fylgjande firma:
Bent Erik Myrvoll, Ålesund. Kunstnar med spesialkompetanse innan muralarbeid, materialkunnskap og fotografering.
Dør og Vindusvern AS, v/Otto Stornes, Vigra. Snikkarmeister.
Inge Kolås AS, Ørsta. Byggmeisterfirma med spesialkompetanse for antikvarisk arbeid.
Eivind Brattlie, Oslo. Malerikonservator.