Målarmeister Kjell Arne Årseth

Restaurering og antikvarisk arbeid

Eg har drive eige firma frå 1971, same året som eg tok sveineprøva i målarfaget. Sidan har eg utdana meg vidare innan
antikvarisk restaurering og dekorasjonsmåling, i tillegg til studiar i kunsthistorie /stilhistorie.  Eg har utført fleire oppdrag i
samarbeid med Riksantikvaren, NIKU og fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane/ Møre og Romsdal. Eg har og nært samarbeid
med andre private firma, som har god kompetanse på restaurering.

Utanom arbeid i kyrkjer og andre offentlege bygg, kan eg syne til større og mindre oppdrag for privatpersonar; interiør,
interiørdetaljar, fargesetjing og andre konsulentoppdrag.